Glittertind
Página inicial > G > Glittertind > Pål Sine Høner

Pål Sine Høner

Glittertind


Pål sine høner på haugen ut-slepte,
høna' så lett over haugene sprang.
Pål kunne vel på hønom fornema;
reven var ute med rumpa så lang.
Klukk, klukk, klukk, sa høna på haugen,
Klukk, klukk, klukk, sa høna på haugen.
Pål ja han sprang og rengde med augon
No tør' eg ikkje koma heim tel' ho mor.

Pål han gjekk seg litt lenger på haugen,
fekk han sjå reven låg på høna og gnog.
Pål han tok seg ein stein uti neven,
dugleg han då til reven slo.
Reven flaug, så rova hans riste.
Reven flaug, så rova hans riste.
Pål ja han gret for høna han miste;
No tør' eg ikkje koma heim åt ho mor!

Hadd' eg no nebb, og hadd' eg no klor,
og visste eg berre kor revane låg,
skulle eg dei både rispa og klora
framantil nakkan og bak over lår.
Skam få alle revane raude!
Skam få alle revane raude!
Gjev det var så vel at dei alle var daude,
så skull' eg trygt koma heim åt ho mor.

Ikkje kan ho verpe, og ikke kan ho gala,
ikkjekan ho krype, og ikkje kan ho gå.
Eg får gå meg til kverna og mala
og få att det mjølet eg miste i går
Men pytt! sa'n Pål, eg er ikkje bangen,
Men pytt! sa'n Pål, eg er ikkje bangen,
kjeften og motet har hjelpt no så mangen,
eg tor' nok vel koma heim åt ho mor!

Pål han kornet på kverna til å sleppe
så at det ljoma i kvar ein vegg,
så at agnene tok til å flyge,
og dei vart lange som geiteragg.
Pål han gav seg til å le og til å kneggje.
Pål han gav seg til å le og til å kneggje.
No fekk eg like for høna og for egga,
no tor' eg trygt koma heim åt ho mor!

Encontrou algum erro na letra? Por favor, envie uma correção >

Compartilhe
esta música

Ouça estações relacionadas a Glittertind no Vagalume.FM

Mais tocadas de Glittertind

ESTAÇÕES
ARTISTAS RELACIONADOS